Konsert med Tove Bøygard Band

Tickets Not Available

Es stehen keine Tickets mehr zur Verfügung

Event-Informationen

Tove Bøygard er kjent for sine sceneopptredenar med sterke melodiar og tekstar på hallingdialekt.

Formidlingsevne og nærvær er ord som går igjen i beskrivingar av konsertopplevelsar med Tove. Ho har med seg tre av Noregs dyktigaste og mest allsidige musikarar live, dei er med god grunn vorte kalla for «verdas beste band»: Freddy Holm på gitar, Jørun Bøgeberg på bass og Eivind Kløverød på trommer.

Hennar åttande album «Eld» vart slept i februar, samtlege tidligare album har hausta lovord frå ei samla musikkpressa.

Her er nokre sitat frå omtalar av hennar forrige plate «Jord» i 2019:

Aftenposten kastet terningkast seks og konstaterte at Tove Bøygard er «en formidabel artist, tekstforfatter og låtskriver». 

 Dagsavisen kvitterte med: «Kunne vært Springsteen på sitt beste og mest klartenkte». 

 Og Dagbladet beskrev henne som: «En god miks av Emmylou Harris, Lucinda Williams og Patti Smith».

Ein konsert med Tove Bøygard set sine spor hjå publikum. Her er nokre tilbakemeldingar:

«Energibomben Tove Bøygard med band ble en ny favoritt i Strengen. De imponerte med en energisk

konsert med fullt trøkk og fikk fart i publikum.» Varden, Viser Ved Kanalen – 2019. 

 «Det er sjeldent å bli spurt 100 ganger om «hvor har du fått tak i henne? Hun var fantastisk!!»» Arrangør av Cornelisfestivalen 2017 i Bergen. 

 «Musikalsk var Tove Bøygard eit høgdepunkt!» Arrangør av Sundreball 2018. 

 «Tove leverte ei glitrande forestilling til eit publikum som verkeleg sette stor pris på konserten.» Arrangør av Fauskivalen, Hemsedal, 2018. 

 «Med musikerne Eivind Kløverød, Jørun Bøgeberg og Freddy Holm, som alle er trollmenn på henholdsvis trommer, seksstrengs bass og alle mulige strengeinstrumenter har Norge endelig fått en artist i klassen med Lucinda Williams.” Bluesnews på Notodden Bluesfestival 2017.


Restriktionen

Aldersgrense 18 år
Coronarestriksjonar : kun personar i same kohort kan sitja saman utan avstandsbegrensningar - vennligst gje melding til arrangøren om de kjøper billett saman med personar i same kohort.

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar vert kun refunderte ved avlysing.

Tags

#lydenavulvik
#tovebøygard
#ulvik
#brakaneshotel
Veranstalter
Lyden av Ulvik