PLATESLEPP MED LOVEBUGS

page view image
event date

Samstag 4 Mai 2024 21:00

Endet Samstag 4 Mai 2024 22:30
Der Kalendereintrag passt sich Ihrer lokalen Zeitzone an
bestellen

Available items

Vaksen
event image

Event-Informationen

Lovebugs er eit band mot alle odds. Jentene har halde saman i 20 år, og sjølv om livet har gjort sitt for å setja hindringar i vegen, lagar dei framleis fengande musikk. Det er lenge sidan forrige plate. Bandet har trassa besetningsendringar, familietilvekstar, eplegardar, sjukdom og utlendingeskap, og dei er sjølv imponerte over å igjen vera aktuelle med ny plate.


Musikken på “OverLoved” har vorte til over lang tid. Lovebugs har vore i studio i fleire periodar og to av dei er no gjort tilgjengelege. Begge innspelingane er i største del gjort ved Havnelageret studio. Dei eldste delane av plata vart spelt inn av Per-Vidar Staff og dei nyaste songane vart foreviga av Daniel Birkeland. Master-master Iver Sandøy har fått alle låtane til å henga saman og laga eit lydbilete som kler heile tiåret.


Om “OverLoved” er eit konseptalbum, er konseptet å halda ut. Songane handlar om utfordringene ved å bli verande for lenge i destruktive forhold og letta ved å gå. Låtuniverset hyllar den sterke kvinna som vel å stå opp for seg sjølv.


Lovebugs ønskjer at musikken skal vera fin. Det kan ikkje bli for mykje pop, men dei beveger seg fort inn i indirock med køntrischwung. Behovet for å fortelja ei historie gjennom tekst og stemninga i musikken er stort. Fleirstemd song, ukulele, toradar og slide er bakgrunnen i ei leikande musikalsk verd der The Chicks speler Arctic Monkey og Katzenjammer covrar Bonnie Tyler.


Lovebugs reknar seg som Bergensband, sjølv om ein gitarist har vore stasjonert på Bali dei siste åra, medan Ulvik og Voss er base for to andre medlem. Kompet har halde fortet i Bergen og det er her dei møtast for å øva.


Lovebugs har vore ein del av Bergen sitt musikkmiljø i fleire tiår og er begeistra over å få vera ein del av stallen til Apollon Records. Plata kjem fysisk ut både på vinyl og kassett og elles er den tilgjengeleg over alt der du strøymer musikk.


SoMe: Lovebugs, Facebook Lovebugs (@norwegianlovebugs)

Restriktionen

Aldersgrense 20 år.

Verzichtserklärung

Billetar vert kun refundert ved avlysning.

Tags

#ulvik
#lydenavulvik
#lovebugs
#strandfjordhotel
Veranstalter
Lyden av Ulvik