page view image

FORTEL MEG OM: HOUSE OF CROWS OM CROWDED HOUSE

Informasjon
event image

«Tja, meiner eg hugsar namnet», tenkjer kanskje dei fleste. «Men kva låter hadde dei, eigentleg? Var dei populære?»

Svaret er enkelt: Crowded House hadde to monsterhit’ar, Don’t Dream It’s Over og Weather With You, og i tillegg fleire andre hit’ar. Dette New Zealandske/Australske bandet har ein katalog av poprock-låtar dei fleste andre musikarar ville selje sjela si for. Sjekk for eksempel ut plata Woodface frå 1991!

Crowded House vart danna i 1984. Same år vart bandet Contact danna av ein gjeng ungdommar på Tertnes i Bergen. Dei herja ungdomshus og hotell på Vestlandet nokre hektiske år midt på 80-talet, før dei etter kvart gjekk ulike musikalske vegar.

Bandet gjenoppstod med stor suksess som House of Crows då dei covra Crowded House på Heidrafestivalen på Voss.

Bandmedlemmane:

Tor Helge Opdahl – trommer, vokal:  Har i seinare år vitja  Ulvik som medlem av ulvikingen Olav Undelands Baljelauget og Blåstål, som medlem av kultbandet Tom Tveits And The Two Missing Seven Dwarfs Orchestra, med partybandet Turbostipend og på Poesifestivalen i lag med tangentmann Rebnord, i trioen Barfot.

Dag Øivind Rebnord – tangentar: Har vore i Ulvik med i Turbostipend og Barfot. For tida reiser han landet rundt med The Nordic Floyd Show, eller turnerer med andre artistar, bl.a. Tor Endresen.

Øvrige medlemmar:

Kristen Kvalheim – vokal

Geir A. Haaland – gitar, vokal

Hans J. Hårvik – gitar

Hans J. Skaug – bass

Erik Klanderud - perkusjon

#lydenavulvik #ulvik #houseofcrows #crowdedhouse #strandfjordhotell

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år

Ansvarsfraskrivelse

Billettar vert kun refundert ved avlysning.