Fortel meg om: Tom Tveits om Tom Waits.

Arrangementsinformasjon

Tom Waits er ein amerikansk songar, musikar, låtskrivar og filmskodespelar født i 1949. Musikken hans kan kategoriserast som alternativ, ukommersiell rock med element frå både jazz, blues, kabaret og teatermusikk. Om han kanskje ikkje har hatt så stor kommersiell suksess har han influert tallause musikarar og innehar kultstatus blant fansen, han vart tatt opp i «Rock and Roll Hall of Fame» i 2011 og i 2015 vart han kåra som nr. 55 blant Rolling Stone’s «100 Greatest Songwriters of All Time».

10 år etter dei var sist i Ulvik på Drøs kjem altså Tom Tveits and the Two Missing 7 Dwarfs Orchestra tilbake for ein ny heidundrandes konsert kor dei tek for seg Tom Waits i ord og tonar. Som dei sjølve seier det på Bergensk: «Vi er Waits’ uekte sønner som prøver å gjøre vår far stolt. Hans ånd blåser luft i våre ballonger. Og vi flyr høyt og lavt i hans underlige musikalske verden».

Det går enno gjetord om konserten i 2011, gå ikkje glipp av dette 11-manns orkesteret og det som vil verta ein fest av ein konsert J


Tom Tveits and the Two Missing 7 Dwarfs Orchestra:

Arne Sandvoll – vokal

Ole Vegard Skauge – el bass

Davide Bertolini – kontrabass, sax og perc

Topho-lars Nordtveit – trommer

Lars Tangen Johannessen – gitar

Ole Ándre Farstad – gitar, banjo og trompet

Sindre Sortland – andre strengeinstrument og div

Elisabeth Vannebo – tuba og div

Jan Gunnar Kolstad – trombone og perc

Jon Trygve Olsen – sax og perc

Håvard Sørbø - stortromme

#lydenavulvik
#tomtveits
#ulvik

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år
Coronarestriksjonar : kun personar i same kohort kan sitja saman utan avstandsbegrensningar - vennligst gje melding til arrangøren om de kjøper billett saman med personar i same kohort.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert kun refunderte ved avlysing.