page view image

FORTEL MEG OM: TUSH A TRIBUTE TO ZZ TOP

Informasjon
event image

Tush seier du? Er ikkje det slang for rompa?! Jodå, men også eitt av dei tøffaste og mest legendariske riffa frå Billy Gibbons - frontmann i ZZ Top, powertrioen frå Texas. Med beina breidt planta i bluesen, og med eit uttrykk som vart beskreve som "loud, macho, greasy, and distorted", slo bandet til dei grader an i det musikkinteresserte miljøet på Nesbyen - og vel også i resten av Hallingdal - fra 80-tallet og utover. Den gong unge gitaristar som Kikkan Haraldset og Knut Aalton fant masse inspirasjon i albuma bandet jevnleg ga ut, og gjorde sitt beste for å planka riffa og den feite gitarsounden til Billy G. Om anlegget for skjeggveksten var like god er meir tvilsamt...

Uansett! Opp gjennom åra har det vorte spelt ein og annan ZZ Top-låt på øvingsrommet, og i live-samanheng, men det var ikkje før bandets bassist, Dusty Hill, dessverre døydde i 2021 det for alvor vart prat om ein tribute-konsert. Så her er me no; Kikkan og Knut – Nesbyens ubestridte strengemeistrar – saman med Geir Hovden, denne gongen kun vokal og ikkje fleire tonn tangentinstrument, Leif Inge Reime vokal og munnspel, Geir Steen slagverk og Nils T. Olsen bass og vokal. Alle handplukka, ikkje på grunn av skjeggvekst, men heller med bakgrunn i betydelege år på baken, eller tush-en om du vil, i ymse bandkonstellasjonar.


Dette vert ein kveld i power-bluesens teikn, og me vonar lokalet vert fylt opp med Beer Drinkers and Hell Raisers!

#lydenavulvik #ulvik #strandfjordhotel #zztop #tushatributetozztop

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlysning.