page view image

KONSERT MED MASHEENA

Information
event image

Masheena starta opp i ‘21 med medlemer frå ulike band som Royal Rooster, Lost at Last, Abbath, Immortal +++. Dei spelte inn ein demo same haust som vart plukka opp av det høgt respekterte svenske plateselskapet Majestic Mountain Records. Bestillinga frå selskapet var ein fullengdar, og den kom ut 25/8 2023. West Coast Hard Rock vart spelt inn med Iver Sandøy (Enslaved) i Solslottet Studio i Bergen, og miksa/mastra av Machine (Clutch, Lamb Of God, King Crimson ++) i USA, og vart møtt med ein 6. plass på Doom Charts og overveldande gode kritikkar:  

 "West Coast Hard Rock will push all the right buttons for so many folk – (fans of) Clutch, Foo Fighters, QOTSA, Monster Magnet, and many, many more". (Velvet Thunder) "Masheena’s passion for stoner rock, grunge and hard rock reigns supreme". (MHMB) "Side A’s got hooks. Side B’s got hooks. Rest assured, here be hooks". (The Obelisk) 

Bandet har ikkje kvilt på laurbæra sidan platesleppet; allereie i mars 2024 pakka dei gitarane og reiste til Dripping Springs, Texas for å spela inn oppfylgaren i The Machine Shop, med produsenten Machine. Etter det var det å snu i døra før bandet la ut på ein headlinar-runde i Europa som tok bandet til Tyskland, Nederland og UK. Albumet vil verta slept tidleg i 2026, fyrste singelslepp 4. kvartal 2025.   

Besetninga som spelte inn West Coast Hard Rock er grunnleggjarane, vokalist/gitarist Luis Salomon og bassist Tarjei Heggernes igjen. Hausten 2024 vart bandet forsterka med gitaristen Heine Heggernes (Lost at Last), og  trommeslagaren Martin Holmes (Popium, Sylvia Wane). Tilbakemeldingar frå fansen er klar: Bandet har aldri høyrt så bra ut som no!   

Korte fakta:   

● 2021: Starta opp med erfarne musikarar frå Bergen. 

● 2022: Ferdigstilte debutalbumet “West Coast Hard Rock”.   

● 2023: Slapp debuten, gode kritikkar og høge straumetal. 

● 2024: Spelar inn album 2, slepp to singlar, får solid live-erfaring med 14 gigs i 5 land, bikkar 100K totale strøymingar   

● 2025: Klare for fleire gigs! Fleire planlagte singelslepp. 

● 2026: Andre album vert slept i fyrste kvartal.

 

#lydenavulvik #ulvik #strandfjordhotel #masheena

Restriktioner

Aldersgrense 20 år.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlysning.