ANNLAUG BØRSHEIM BAND

Ulvik si eiga Annlaug kjem til Elvatun med eit fantastisk band. Låtane spriker i fleire sjangerretningar, indie, folk, pop, rock - men heile tida med Annlaug si stemme og hennar særpreg som ein raud tråd i det varierte uttrykket.

page view image
Evenemangsdatum

fredag 12 sep 2025 20:00

avslutas fredag 12 sep 2025 23:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Vaksen billett
event image

Evenemangsinformation

«Spring før sola står opp» er tittelen på Annlaug Børsheim si komande plate som kjem ut på Apollon Records i september denne hausten. Ei plate som inneheld songar frå den norske folkemusikktradisjonen og eigne låtar med norsk tekst - den spriker i fleire sjangerretningar, indie, folk, pop, rock - men heile tida med Annlaug si stemme og hennar særpreg som ein raud tråd i det varierte uttrykket. Det er både storslått og mektig, sårt og gjennomsiktig.  


Fyrste singelen kom i april,  «Med Sorg og salte tårer» og fekk god mottaking og fleire meldingar. Mode Steinkjer i Dagsavisen skreiv dette i si melding, 04.04.25:


Den som har savnet bindeleddet mellom Joy Division, Tom Waits og norsk folkemusikk, vil bli blåst av banen når Annlaug Børsheim og et mollstemt musikerlag gir ut den tyngste, svarteste og mest bunnløst triste sangen du kan tenke deg. Dette er så mørkt og tungt og trist at det knapt er skrevet noe mer hjerteskjærende, men vokalen og musikken er likevel lysende, og Børsheim har virkelig funnet en ny åre.

https://open.spotify.com/track/5LW5H9r0y4J74CQjKOmAA6?si=24145586722143f0


Annlaug Børsheim Band består av


Linn Frøkedal - Bass

Kåre Opheim - Trommer

Pedro Carmona-Alvarez - Gitarar og tangentar

Annlaug Børsheim - Gitarar, feler og vokal

Restriktioner

18 år. Vergeordning

Taggar

børsheim
indie
lyden
av
ulvik
folk
Arrangör
Lyden av Ulvik