KONSERT MED OSCAR DANIELSON
Norgesven er eIt begrep med både heldige og uheldige assosiasjonAr. Men i tilfellet Oscar Danielson kan me trygt slå fast at den sympatiske svensken er ein av dei aller beste venene me har!
Oscar Danielson er sin eigen sjanger, og av mange ansett som Sveriges beste tekstforfattar. Etter albumet «Stockholm i mitt hjärta» (2011) med låta «Besvärjelse» har han fått eit stadig større publikum, og turnert flittig i heile Skandinavia.
I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i et fullsett Oslo Spektrum, og det er langt mellom dei gongene 9000 mennesker er så lutter øyre som då. Kort tid etter opptrådte han på NRKs «Lindmo», og igjen både begeistra og fascinerte Danielsons låtunivers det norske folk.
Nå kjem den Stockholm-fødte 49-åringen til oss med eit show som fremkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner. Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som er Oscars kjenneteikn.
Eva Weel Skram har gjort ein versjon av Oscars låt "Besvärjelse" med Norsk tekst ,"Vi Lover».
Restriktioner
Aldersgrense 20 år.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlysning.