Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Etter tre og eit halvt tiår, fem studioalbum, ei best of plate og eit drøss med sing-a-long-perler har Matti Røssland sneke seg inn i mange sine hjerter. Sangar som Stjålen båt, Tøffe tider, Lyseblå hagestolar, Sånn livet er, La meg få drømma, Sommardrøm, Connys englar, Søster Cecilie og resten av gjengen er allemannseige mange stader.
At han har ein fin penn er då heller ingen hemmelegheit. Matti har alltid fiksa kunsten å skriva melankolske gladlåtar i beste New Jersey-tradisjon. På sin eigen måte på sin eigen dialekt. Me har ikkje for vane å ty til eit så høgtideleg begrep som kunstner, men det er nettopp det Matti Røssland er: Spesiell, sterk og sjarmerande. Romantisk, rotlaus og rådvill. Matti har levd som dei fleste av oss, men har samla på inntrykka, følelsane, nederlaga og sigrane. For tekstene står sjølvsagt sentralt, og vert vevd inn i historiar slik berre dei ypperste kan.
Det vert meldt om allsong, gåsehud, latter og tårer.